Is nær Beitostølen

Det er ikkje mykje isklatring ved sjølve Beitostølen. Men nokre godbitar finns i Kalvedalen litt innafor Beito. Oppe ved Mugnetinden er det og ein fin foss. Historia til klatringa her er ikkje godt dokumentert. Men fossane i Kalvedalen vart sannsynlegvis klatra fyrste gongane på 80-talet av Sveinung Skoglund med fleire. 
Fossane her ser fine ut og fortener meir oppmerksomheit enn dei tidlegare har hatt.

Atkomst: Frå Beitostølen, ta av frå rv 51 ned til Beito (2,5 km). Ta av til høgre her og køyr ca 9 km til du er i Lykkja / Skredbergo. Vegen er brøyta til rett over brua vinterstid. Parker her og ta føtene eller skiene fatt vidare. Trykk på øksene i kartet  / lenkene under for meire detaljar om dei ulike fossane.

Kalvedalen - Mugnetind



Tilbake

Ajourført 11.03.2007