Kristiansmokollen - detaljerte ruteskisser

Denne sida inneheld handtegna detaljskisser av dei fire hovudrutene i Kristiansmokollen. Litt tekst er med for å forklare litt om rutene.

 

Nr 1. Bergfrua

Bergfrua er 210 meter lang. Ho går rett opp der veggen er på sitt høgaste. Første taulengde er vanskelegast, deretter blir det gradvis lettare. Alle vanskelege punkt er boreboltsikra. Ruta er elles bolta i (for) streng miks tradisjon. Første taulengde har t.d. ei killeplassering i tillegg til omlag 15-16 bolter. Både 1. og 2. taulengde er lange. Særleg 2. taulengde kan det løne seg å dele opp for å unngå taudrag. Etter 2 taulengde er ein midt i veggen på eit stort hyllesystem. Flytt standplassen omlag 10 meter opp mot venstre (lett), før ein byrjar på neste taulengde. Det er fordel med dobbelt tau på ruta.

Det er ein del store furutre i ruta. Desse produserer store mengder barnåler. Ruta er ikkje ofte klatra, og vil nok ha ein del rusk i rissa. Dette er særleg problem på slutten av 2. taulengde. Ta med nøttepirker for å renske fram håndtak og kileplasseringar i rissa.

Retur: Rapell ned ruta.

Ruta er bolta opp, renska og gått fyrste gong av Paul Bakken og Sveinung Råheim juni 1994.

 

Nr 3 Ljåen

Ljåen er den kanskje reinaste linja opp Kristiansmokollen. Ruta følgjer ein samanhengande, kompakt del av veggen utan større hyller m.m. Ruta er stort sett boreboltsikra, men det er behov for litt kiler / friends til risset rett etter standplass i andre taulengde (1 kilesett og friends nr 2 - 2,5).

Retur: Rapell ned ruta.

Ruta er bolta opp av Stein Erik Lid, Sveinung Råheim og Paul Bakken i juni 1996. Gått fyrste gong av Stein Erik Lid og Sveinung Råheim august 1996.

 

Her er det detaljskisser for rute nr 3 og rute nr 5.

Nr 3. Smørbukken.
Ruta går opp eit markert diedersystem. Det er sannsynlegvis klatra i desse formasjonane tidlegare, vi fann ein gamal fjellbolt i starten på 2. taulengde og ein annan nedanfor og til høgre for fyrste standplass. Ryktene vil ha det til at engelskmenn var her ei påske på 60-talet.

Ruta er fjellprega - stort sett naturlegsikra klatring diederformasjonar. Starten er teknisk klatring gjennom stort overheng. I fri sannsynlegvis ca 7+. Ta med cheaterstick eller liknande for å klippe 1. bolt! Ruta stoppar 2 taulengder under toppen. Ho er klatra heilt opp, men dei to siste taulengdene er begrodde og tildels dårleg sikra svaklatring.

February 1.2011: Smørbukken got its first winter ascent 22.1.2011 by Pawel Karczmarczyk and Per Lindberg. The route was climbed free in dry tool style. The boltprotected initial overhang was given M7+, the rest of the route M6/M6+. The first ascentionist reports of good climbing! See gallery!

Retur: Rapell ned ruta.

Ruta er renska, bolta og klatra fyrste gong av Paul Bakken og Sveinung Råheim i juli 1995

Nr 5. Jonsokblomen

Ruta følgjer eit markert dieder heilt i høgre kant av veggen og er naturleg sikra. Til å vere på austlandet er det fantastisk rissklatring opp her.

Retur: Rapell ned ruta.

Renska og klatra fyrste gong av Paul Bakken og Sveinung Råheim 23. juni 1995

Rute nr 2. Talus Fractur

Denne ruta er kun gått teknisk. Fint riss, ca grad 6 i fri. Sannsynlegvis muleg å halde fram vidare opp veggen etter hylla. Det heng ei heks litt opp i ruta, denne stoppa fallet då Talus-fracturen oppsto.

Tilbake til oversiktsskisse

 

 

Tilbake til hovedside

Ajourført 01.02.2011