Buldring på Leirhol

I vegkanten er det 3 store steinar. Bildet under viser plassering (bilde frå Norge i Bilder)

Bildet under viser stein #1 med buldrane på sida som vender mot vegen tegna inn.

Nettsida fjellleik.no hadde lenge ein del informasjon om buldring på Leirhol ved Vangsmjøsa. Dette er no tatt bort, så vi tek med litt her.

Adkomst:

Ta av E16 t.d. ved Neset og følg vegen på nordsida av Vangsmjøsa. Rett nedafor Drøsja ligg ein del store steinar heilt i vegkanten. Litt lenger vest ligg ei rekke større steinar i ein beitebakke ned mot Vangsmjøsa.

Alle steinane ligg på innmark. Ein bør spørre grunneigar før ein klatrar her, spesielt gjeld dette steinane i bakken ned mot Mjøsa.

Buldrane har ok kvalitet. Så vidt vi veit er det kun klatra på steinane som ligg nærmast vegen. Her er det gjort kanskje 10 problem frå lett til ca 6C.


Jørgen Kvam buldrar på den vestre av steinane. Foto Sveinung Råheim


Sveinung Råheim går "Kvamsyn". Foto Jørgen Kvam


Sveinung Råheim går "Månen". Foto Jørgen Kvam

Tilbake

Ajourført 28.12.2007