Liaberget

Berget langs vegen frå Liagrenda til Sundvoll har nokre fine fosser, der spesielt Kyrjukulen utpeikar seg. Området fossane ligg i er forøvrig del av "Liaberget naturreservat".

Kyrjukulen

 

Pål Frenning på 3. taulengde på Kyrjukulen. Foto: Sveinung Råheim
Fleire bilder frå Kyrjukulen

Ca 200m / grad 4-5

Kyrjukulen ligg mellom Liagrenda og Sundvoll i "Liabakko". Han er lett synleg frå E16 når du køyrer gjennom Aurdal (Valdres Alpinsenter). Fossen byr på 1 moderat bratt 1. taulengde, så ei lett taulengde, før det dreg seg til i toppsøyla. Ca 50-60 m vedvarande bratt klatring. Litt småopptak i toppen. Kyrjukulen er lenger og til dels brattare en dei meir kjente naboane sine i Stavadalen. Vel verd eit besøk!

Retur:

Rapell ned langs høgre sida av fossen via tre, eventuelt rappell ned fossen.

Adkomst:

Ta av til Reinli i Bagn sentrum. Ved krysset etter butikken, hald rett fram mot Sundvoll bru. Følgj vegen i 8,2 km til du har passsert ei lita grend og byrja å køyre nedover mot Sundvoll. Fossen ligg no opp i lia mot venstre. Parker på lita avkøyring på høgre hand. På motsett side av vegen går det ein traktorveg det er muleg å følgje til du er under fossane. Det er eit kryss etter omlag 300m. Gå då den øvre vegen (rett fram). Er det mykje snø, vil ski være å foretrekke på anmarsjen (det er ikkje så bratt). Anmarsj ca 30 minutt.

Kjem du nordfrå (Fagernes), køyr 4,4 km etter Sundvoll bru. Parker då på venstre side av vegen.

Tilbake

Saujukulen

Ca grad 3 / 50-100 meter (avhengig av isforholda).

Denne fossen ligg rett til venstre (sør) for Kyrjukulen. Toppen er alltid blå og fin, ca 40 m fin isklatring frå 60 - 85 grader. Starten vil gje fin isklatring i gode år, elles er det lett miksklyving opp i omlag 50 meter. Adkomst og anmarsj som for Kyrjukulen, kanskje litt kortare.

Tilbake

Bjørnejukulen

 

Lars Rønnevig ferdig med 1. taulengde på Bjørnejukulen. Foto:Lars Wegge / Trond Jensrud

ca 2-3 taulengder / grad 3-4

Bjørnejukulen er ei litt skjult is-/mikslinje rett opp for motorcrossbanen ved Sundvoll.

Under førstebestigninga var det lite snø og svært lite is på nedre del av fossen. Første taulengde opp 60 grader sva med lite is, ca grad 3. Andre taulengde opp dieder med ca 80 grader, tynn is på eine sida, deretter opp hammer og inn på hylle. Ca 40 m, grad 4. Tredje taulengde oppto hamre på betre is. Ca 30 m, grad 3.
Sikra med både fjellbolter, friends og kiler i tillegg til isskruer.

Første gang klatra av Lars Rønnevig, Lars Wegge og Trond Jensrud 7.1.2017.

Retur:

Rappell eller gå mot nord og følg ryggen langs Skardelvi ned.

Adkomst:

Sjå kart på toppen av sida.Parker rett sør for motorcrossbanen. Det er 1 km frå krysset ved Sundvollbrua, eventuelt 14,6 km frå Bagn om ein køyrer via Reinli. Følg skogsbilveg oppover i ca 800 m.
Ved hogstfelt på venstre hand går ein rett opp lia i ca 700 m. Med ski vil anmarsj ta ca 1 time. GPS-posisjonved innsteg: E9.382393 N60.904217.

Tilbake

Oppdatert 05.11.2017.