Langåni

Langåni

ca 250 m / grad 5

Langåni er sjølve "fossen" i Valdres. Nydeleg linjeføring og beliggenheit. Bratt start og avslutning, litt lettare i midtpartiet. Artig hule bak toppsøyla (der har folk overnatta!).

Retur: Ned fossen eller ned daldrag mellom Langåni og Drøsja. Gå ca 300-400 m austover. Gå ned i markert daldrag. Følgj det nederste av dei to daldraga. Bratt bjørkeli, men enkelt! Returen er stipla på oversiktsbiletet. Rekn omlag 1 time ned.

Adkomst: Som for Drøsja. Køyr vegen på nordsida av Vangsmjøsa!

Historie: Denne fantastiske klassikaren vart klatra første gong av Bjørn Myrer Lund & Marius Morstad i 1973/1974. Før dei hadde andre taulag prøvd seg, m.a. Ulf Geir Hanen og Thomas Carlsstrøm, men dei hadde snudd før toppsøyla



Tilbake

Oppdatert 07.02.2011