Vassfaret - Strøslifjellet - Gørrbuflaget

Tilbake

Kartet under viser adkomst og plassering til dei fossane vi kjenner til i på Strøslifjellet i Vassfaret. Kartet er i ca målestokk 1:30000. Rutenettet er 1 km. Det er henta frå Statens kartverk sine nettkart. Fossene ligger i Nes kommune i Buskerud. Heile området er verna som Indre Vassfaret landskapsvernområde. Foss nr 1 og 2 ligg inne i Bringen naturreservat. Innafor naturreservatet er det ikkje lov å brenne bål eller gjere andre ting som endrar vegetasjonen. Det er heller ikkje lov med organisert friluftsaktivitet som kurs eller liknande. For meir detaljer sjekk verneforskriftene for Bringen naturreservat og for Indre vassfaret landskapsvernområde.

Adkomst: Det er ca 3 km langs veg ned til krysset under foss 1 og 2. Under vanlege forhold vil det vere fordel med ski. Rekn 1-2 timar på både anmarsj og retur. Det er slak motbakke tilbake til parkeringsplassen ved Strøsdammen.

Detaljkart Vassfaret


Oversiktbilde

 
Oversiktsbilde over venstre side av Gørrbuflaget i Vassfaret med fossane til venstre markert. ©David Engeland  

Kort om fossane.

Forhaldsvis lite er kjent om desse flotte fossane. Foss 1 og 2 har ei rekke kjente besøk. Dei to andre har ei mørkare historie, sannsynlegvis er iallefall foss 3 klatra.
Fossane ligg i austveggen på Strøslifjellet og heiter Gorbuflaget eller Gørrbuflaget. Dette berget som strekk seg 2-3 km og det kan vere fleire fossar her enn dei som er nemt her.

 

Foss 1 (venstre)
Ca 200 m lang. Ca grad 3-4. Slak start, så bratt parti (med svært bratte mulegheiter), før det heile legg seg oppunder den bratte berghammeren i toppen. Retur ned fossen eller ned bratt li litt sør for fossen (sjå detaljkart).

Foss 2. (høgre)
Ca 160 meter. Grad 3-4. Jamnt halvbratt heile vegen. Fin linje! Retur som for foss nr 1.

Foss 1 og 2
Foss 3.
Lite informasjon om denne fossen. ca 150-200 meter lang. Blir slakkare mot toppen. Retur bør vere muleg ned fossen eller litt sørover også ned skogdrag der.
 

Foss 4. Snow Yeti.

WI 4. Ca 160-170 m. 65-75 grader bratt, ei rekke brattare opptak undervegs. Første kjente bestigning David Engeland & Alexander Cintelli januar 2020.

Foto: David Engeland

Snow Yeti

Foss 5 og 6.
Desse fossane ligg 500-600 meter nord for foss 3. Endra mindre info om dei. Ikkje sikkert han er klatra. Sannsynlegvis grad 4-5. Bratt start. 100 - 200 meter lang.

Foto: David Engeland.

Foss 5 og 6
   

 

 

 

 

 

 

Fleire bilder frå Vassfaret!

Tilbake

Oppretta 10.01.2006. Oppdatert 9.februar 2020